‘Så så eg meg’ - Mental helse gjennom foto

 

Foto: Hans Jørgen Ro

Det var nå forleden at eg fikk moglegheita til å gå på opninga av gruppeutstillinga Så så eg meg på Fotografiens hus. Torsdag 21. september opna utstillinga og den skal vara til 22. oktober for å samsvara med Verdensdagen for psykisk helse den 10. oktober. Utstillinga samlar tre unge kunstnarar med prosjekter om mental helse og vanskelege kjensler med ulike og spennande innfallsvinklar til temaet. Desse kunstnarane er Anna Rogneby, Filip Skorgenes og Hans Jørgen Ro.

Foto: Anna Rogneby

Det som møtte meg då eg kom inn gjennom døra til Fotografiens Hus var Anna Rogneby sine fotografiar, spesielt så var det Red som fikk min merksemd. Ho stillar opp biletserien Red i denne utstillinga. Dermed var det like så greitt å starte å prata om verka til Rogneby. Ho starta fotografi-utdanninga si i Trondheim ved Norsk Fotofagskule der ho studerte kunstfotografi og nå tar ein bachelor i fotografi ved det Kongelege Kunstakademiet i Haag. Med denne utstillinga har ho ein så stille og rein komposisjon i ein spennande visuell stil med eit roleg hint av moro! Snødynk – Red #3 trudde eg berre var nokon tilfeldige avtrykk og tenkte ikkje så mykje meir over det, men etter ein halvtime gåande rundt så fant eg jo endeleg ut at det var mange repeterande ansikt pressa ned i snøen. Då tenkte eg om det går an å vere så naiv at det berre blåste over hovudet mitt, eller om det faktisk berre var vanskeleg å sjå. Det store bilete Red som var det fyrste som møtte meg då eg kom inn, er det beste bilete til Anna Rogneby, fordi eg opplevde ein nærmast kjensle av indre uro. Kor alt på utsida vart prega av det vakre og roleige, og eg syntest den fantastiske bruken av lys og skygge i kombinasjon med eit utroleg fint subjekt var fantastisk. Men eg følte at alt ikkje såg ut som om alt var perfekt, som om det her var nokon som lukka augne for verda for å få fred i sinnet. Utifrå dei to trykkane så var det, for meg, Peeled Eyes – Red #6 som drog meg mest inn. Den var ikkje så stor på veggen med berre 50x30cm, men det som var fotografert fekk meg til å grøssa og snu meg vekk. Det er eit nærbilete av eit augelok vridd utover! Desse bileta fekk meg til å tenkje på kor kvardagsleg dei var, det er nettop det som får meg til å synast at dei var litt kjedelege, men dei satt ein tanke om angst og kjensla av det i meg, noko som eg aldri forventa at skulle skje.

Lengre inne i utstillinga var  Hans Jørgen Ro med Saturn Return. Eg syntest dette var den mest komplette serien av bilete frå alle dei tre kunstnarane. Med Memory #20, Memory #04 og Memory #13 så stiller han sterkt i denne utstillinga. Då eg gjorde litt internett-titting før eg skulle på utstillinga så var det Memory #20 som greip tak i meg. Eg var forvirra og fascinert over denne mystiske dressmannen i midten av komposisjonen omringa av all den grå, brutalistiske arkitekturen ved Jernbanetorget. Fyrst var eg mest forvirra over mannen, det var noko så anonymt med ein mann i dress, som om det er ein kamuflasje i dagens jungel. Det er noko du ikkje tenkjar så mykje over, men når du ser ein mann i dress bli plassert i midten av komposisjonen så blir du tvungen til å vurdere han. 

Ro er ein fotograf med ein kaliber til å ta tak i det små og personlege, men også dei store kjenslene ein kjenner av maktesløyse over ein sjølv og vegen til å bli betre. Som sagt, så var dette det eg tenkte var den mest komplette serien. Det er ein serie som gjør at kor enn du begynner så vert det opplevd som ei reise, for når du ser på bileta til Ro så er det som om du er med mannen i dress på tur gjennom underbevisstheita. Kanskje er denne mannen i dressen, som dukkar opp som subjekt i mange av bileta, vere ein representasjon av sinnet vårt på reisefot? I Memory #13 var motivet naturen og skogen skoddelagt mens eg såg oppover i landskapet. For meg  var dette noko som spegla det råe og evige ved sinnet vårt, og at vi kan bli betre.

Foto: Filip Skorgenes

Den siste kunstnaren eg skal ta for meg er Filip Skorgenes med Bipolaroid. Det å bruke ein polaroid til å dokumentere blir til ein bokstaveleg snapshot. Eit polaroid-kamera skriv ut bilete med ein gong. Med denne uttrykksforma blir det forgjengeleg og intimt, tenkjer eg. Det er veldig modig og kult fordi du kjem så nærma personen bak alle dei små bileta ved bruk av polaroid-kameraet som medium for å dagleg dokumentere hendingsrekkja i ein kalendermånad. Eg måtte jo dobbelsjekke om det var ein heil månad så då talde eg alle bileta som hang på veggen, men eg må innrømma då, at eg mista teljinga tre gonger før eg landa på at det var 30 dagar. Det var jo ikkje berre 30 polaroid-bilete på veggen, men også 30 fotografi som hadde vorte manipulert, øydelagd og deformert på 30 forskjellige måtar. At desse små polaroid-bileta var stilt opp ved sida av ein gigantisk resept på noko som late til å vere medisinar til bipolare var visuelt spennande. Av dei tre seriane så var det denne som ikkje klarte å røre eller forfærde meg, fordi eg klarte ikkje å relatere til det på nokon måte. Gjennom korleis verket var satt opp i forhold til bilete av resept og de mange polaroide bileta så mista verket meg.

Alt i alt så tilråder eg dykk å ta ein tur ned til Fotografiens Hus og sjå på utstillinga, for det var fantastisk. For ein som meg, så var dette noko som var ein utruleg mogelegheit til å kunne sjå unge kunstnarar sine utstillingar. Når det gjeld mental helse kan ein få inntrykket av at det blir blåst opp utanfor rammene, men det blir det altså ikkje. Desse kunstnarane snakkar til vår tid når dei lyftar opp mental helse og korleis det psykiske uttrykkjer seg hos ulike menneske. Alle tre kunstnarar var utruleg talentfulle med spennande uttrykksformer. Så finn ein dag, og gå ned til Fotografiens Hus og sjå på utstillinga, så gjer du deg sjølv ein stor teneste. Eg fekk også prata med bestemora og mora til Anna Rogneby på opningsdagen, mens eg prøvde å få tak i Anna Rogneby, noko som var utroleg hyggeleg og fint i og med at desse utstillingane kan vere litt einsame åleine. 

Helsing Ludwig Friedrich Günther Hohenstaufhen

 
Previous
Previous

SLETT AI

Next
Next

Tøy-portrett: Intervju med tre norske kunstnarar om deira forhold til klede og mote.