Heilag, annleis

 
Foto: Kasper Valestrand

Foto: Kasper Valestrand

Kristen teologi fortel oss at kyrkja er det næraste me kjem Himmelen og Gud i det verdslege. Den moderne kyrkja, derimot, har fleire bruksområde som gjer at den kan betraktast som «annleis». I denne teksten vil eg utforske Knarvik kyrkje, som både er heilag, men også annleis, og korleis dei enkle delane til kyrkja gir heilskap. 

Knarvik kyrkje i Alver kommune, Nordhordland, blei vigsla i 2014 og fungerer som eit samlingspunkt for heile bygda, om det så er til gudsteneste eller til konsert med korpset. Når ein ser kyrkja fyrste gong, tek det ikkje lang tid før me får assosiasjonar til dei gamle stavkyrkjene som prega landet vårt tidlegare. Det ein kanskje legg merke til etterkvart, er kor stor og lang kyrkja er. Ho breier seg ut over åsen ho ligg på med sine 42 meter i lengda og 25 meter i høgda. Spiret er forma som ein pyramide og endar i ein tynn spiss med eit kors i toppen, og som kan sjåast nesten kor enn du er i Knarvik. I fronten ser kyrkja nesten ut som ein origamisvane, eller kanskje ein måse? Året rundt flyg det slike måsar omkring på tettstaden, men kyrkja er den einaste som sitt i ro, nesten som sjefsfuglen. Ja, utanfrå er kyrkja monumental, men kva med innsida?

Gjennom glasdørene til kyrkja ser ein rommet klart og tydeleg, og det er her eg møter tidlegare biskop i Bjørgvin bispedøme og no medlem av soknerådet, Ole Danbolt Hagesæther, ein dag før julaftan. Desember er nok den travlaste månaden for kyrkja, med skulegudstenester, nattverd og bibelmaraton i kjellaren sin kyrkjekafé. 

Foto: Kathinka Prestmo Valestrand

Foto: Kathinka Prestmo Valestrand

Plassert sentralt i Knarvik med kjøpesenter, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, rådhus og fleirbrukshall i umiddelbar gangavstand, gjer bautaen av ei kyrkje seg markant i landskapet. I 2010 blei tettstaden nominert til den styggaste av sitt slag, medan arkitektfirmaet Reiulf Ramstad vant konkurransen om å få byggje den nye kyrkja same år. Etter at bygget stod ferdig, har det opna for stor interesse i det internasjonale arkitektmiljøet, og i 2015 vann arkitektfirmaet pris i Architizers kategori for religiøs arkitektur. Dei skreiv blant anna at bygget si unike design blenda seg inn i omgivnadar og stod som eit landemerke for lokalbefolkninga.  

Altertavla, med eit glasmaleri av kunstnaren Tor Lindrupsen, fangar merksemda med ein gong. Det er ikkje lett å sjå kva som går føre seg i verket før ein går heilt inntil. Då kan ein sjå historier frå Bibelen og heile to Kristusfigurar: ein utskåre i tre, ein crucifix, og ein i høgre del som er integrert inn i treverket. På ein måte kjem Jesus oss i møte i form av denne tredimensjonale utskjeringa. 

Jesus kjem oss ikkje berre i møte i altertavla, for sjølv om kyrkja er lang, verkar den på ein måte nærare. Den øvste stolrekka stoppar berre nokre få meter frå alteret, som berre er eit litt høgare podium med eit enkelt langbord. I tillegg er forma på alterveggen med på å heve blikket vårt, då den er forma som eit trapes og skapar ein illusjon av at podiet er høgare enn det er i verkelegheita. 

Medan me sitt på fremste rad og betraktar altertavla, gjerast det klart til nattverd. Kyrkja står ovanfor eit logistikkproblem, for vanlegvis har ein luthersk kyrkje ein halvboge til kor og ein apsis kor den heilage liturgien går føre seg, og kor kyrkjelyden kan knele for å ta i mot nattverd. Knarvik kyrkje er berre ein stor rektangel, og alteret blir på denne måten open. Dette skil spesielt denne kyrkja frå både andre lutherske, men også ortodokse kyrkjer, der nattverda på sett og vis gøymast for allmennheita, seier Hagesæther. 

Og det er dette med openheit, eller fellesskap, og korleis dei enkle funksjonane Knarvik kyrkje har tatt i bruk, som kan styrke opp om dette. I motsetning til gamle kyrkjetradisjonar, som stavkyrkja, finnast det ingen søyler her. Bygningen ber seg sjølve, seier Hagesæther, men det gjer det også vanskelegare å gøyme seg. Han seier vidare at ein blir veldig eksponert når ein sitt her, og det er greitt nok for dei som har mykje entusiasme og tru, men for dei som er «smugtruande», eller usikker, så har søylene vore ein fin ting å gøyme seg bak. 

Foto: Kasper Valestrand

Foto: Kasper Valestrand

Sjølv stolane kan gjere det vanskeleg å gøyme seg. Som tatt rett ut av eit konferanserom, står dei enkle stolane med putesete i kontrast med benkane frå den vanlege kyrkjearkitekturen me er kjent med. Stolane kan flyttast på, adderast og snudd. Nokre gongar kan dei stå i ein sirkel, medan andre gongar kan dei stå mot kvarandre slik at kvar side av kyrkjelyden ser kvarandre inn i auga. Dette skapar ein ny dialog, og utfordrar tanken om at blikket vårt alltid skal vere mot alteret og presten. Eit eksempel på dette er kvekersamfunnet, der forsamlinga ofte sit i ring og heile kyrkjelyden er likestilt. 

Knarvik kyrkje står ikkje åleine i Nordhordland sitt kyrkjelandskap. Berre nokre minutt med bil kjem me til Alversund kyrkje, og elles har kvar bygd i regionen ein form for kristent samlingspunkt – om det så er bedehus eller større kyrkje. Trua står sterkt her, men likevel meiner Hagesæther at Knarvik kyrkje skal ha ein låg terskel og vere open for andre kulturar. Eg hugsar sjølv å ha spelt konsertar her med skulekorpset før konkurransar og vore på foredrag om trygg trafikk i tredjeklasse på vidaregåande. Kyrkja vert elles flittig brukt til konsertar for dei større brassbanda i regionen, som også er i både Noregs- og Europa-toppen. På grunn av det store rommet blir lyden større og mykje breiare, noko som kan vere ei ulempe under preik og for talehaldarar. 

Bygda hadde trong for eit signalbygg, som ikkje var ein fleirbrukshall, og som kunne bli eit «annleis rom». Kyrkja er ein møtestad, med ikkje berre for å høyre Guds heilage ord bli formidla. «Kyrkjetorget» i inngangspartiet blir brukt slik kyrkjebakken før blei, kor folk i bygda kan møtast og ta seg ein prat før gudstenesta, eller møtast til mindre treff arrangert av kyrkja. Hagesæther presisere at bygget skal vere ein sju-dagarskyrkje, og at kapellet skal vere opent på kvelden når resten er stengd. 

Vi kan ikkje sjå på kyrkjerommet i sin heilskap utan å oppleve bruksverdien. Når du fyrst skal oppleve liv her, så bør du gå på ein av dei viktigaste gudstenestene: julaftan. På denne dagen arrangerast det to julegudstenester; ein meir barnevennleg, og ein meir tradisjonell. Eg besøkte den barnevennlege, for her er også skulekorpset fast på programmet for å akkompagnere under salmane. Kyrkja kan romme nærmare 500 når skiljeveggen mellom torget og kyrkjerommet opnast, og nesten heile salen blei fylt opp. Born sprang rundt både før, under og etter gudstenesta, og kjentfolk helsa god jul til kvarandre. 

Foto: Kathinka Prestmo Valestrand

Foto: Kathinka Prestmo Valestrand

Der er også her eg får sjå kor høgmoderne Knarvik kyrkje kan vere. Som ein del av preika til presten Geir Øy gjer han oss ein rebus. Rett før, under ein av salmane, finn han og medliturgen fram nokre rekvisittar – blant anna ein sau, ei bru og ein krakk. Før dette har han preika om fellesskap, eller det å samlast rundt juletida. Og sjølvsagt er svaret på rebusen den velkjende «Julekveldsvisa» av Alf Prøysen, som på ein måte handlar om akkurat dette. Nokre av oss kunne songen sjølv om den ikkje sto i heftet med salmane og bønene, men for å inkludere resten tok dei opp teksten på projektor mellom juletreet og altertavla. Kyrkjelyden song heile visa, korpset spelte og mellom versa forklarte presten tydinga av dialektorda, som for eksempel kva gjetargutane gjer når dei «kute tel og frå». 

Knarvik kyrkje ligg kanskje der ingen skulle tru at nokon ville bu for byfolk. Likevel sit du kan hende att med intrykket av at du gjerne skulle sett kyrkja i verkelegheita, for bileta åleine kan ikkje rettferdiggjera ho. Til dømes skiftar kyrkja farge når det regner, noko som tross alt ikkje er uvanleg på Vestlandet. En kan heller ikkje forstå kor stor ho faktisk er berre ved å sjå eit bilete. Men eg veit at eg er heldig som får bu ved sida av ei kyrkje som markerar seg slik denne gjer i lokalsamfunnet mitt. 

Bibliografi

https://architizer.com/projects/community-church-knarvik-1/?_ga=2.66392302.19308283.1579964446-933008259.1579964446

Anna teknisk informasjon blei gitt av Ole Danbolt Hagesæther og eit hefte som berre fantes i kyrkja. 

 
Previous
Previous

Fra hedonisme til helvete på ett steg

Next
Next

Modernismens dekadente helvete