Ein bitch for sin kitsch

 

Smaklaust, gyseleg, grelt, billeg. Dette er berre nokre få ord som kan samanfatte det misoppfatta fenomenet «kitsch». Kan det bli forklart på ein betre måte?

Medan kunstnarar i Noreg kranglar om kva kunst er, kan det vere vanskeleg for oss utanfor debatten å forstå omgrepa. Tidsskriftets Edvard Granum Dillner kommenterer og samanfattar debatten som runga i mediebilete i sommar, og eit ord som dukkar opp igjen og igjen er kitsch. Du har kanskje høyrd omgrepet før i fleire samanhengar, om Odd Nerdrums maleri og sigøynerkvinner i norske heimar, men i det store og heile er dette vidt forskjellig bruk av ordet. Eg tek på meg å forklare kvifor det er slik.

Originalt blir kitsch oversett til søppel på tysk og ordforklaringa er diffus, men for å gjere det enkelt, foreslår eg at me delar ordet inn i to kategoriar: positiv og negativ kitsch. Den positive kitschen er anten institusjonell eller eit omgrep handverkaren sjølv brukar om sine eigne verk. Jeff Koons, som me nordmenn kjenne best frå Michael Jackson and Bubbles (1988) på Astrup Fearnley-museet, går innanfor denne sjangeren, då han brukar verkemiddel frå «tacky» heimedekor og bles dei opp til store skulpturar. Han har dessutan tent meir ein godt på arbeidet sitt. Positiv kitsch er sjølvironisk og held seg ikkje til konvensjonar, men likevel er det akseptert av dei som bestemmer kva som er kunst. 

Og så har me negativ kitsch. Nokon ville kalla det imitasjon, reproduksjon og fullstendig «tacky», og det er her forvirringa startar. Kitsch skal bringe fram falske følelsar utan kritikk, den skal vere sentimental. Den kan både vere laga av ein kunstnar utanfor institusjonen, som Thomas Kinkade, men kan også vere frå anerkjende som Norman Rockwell. Nips er ein heil sjanger for seg når det gjeld negativ kitsch, det er grelt og smaklaust for det blotte auge. Difor vel eg å fokusere på min eiga samling av reprodusert meissenerporselen eg har plukka opp frå diverse bruktbutikkar. Min absolutte favoritt er ein nydeleg figur av eit kjærastepar som er i full sving på dansegolvet i vakre rokokkoklede. Fargane har blitt borte med tida, men elles er den heil, og for å vere ærleg, så gjer den meg same estetiske verdi som eit rokokkomaleri på eit museum. Det absurde her er at eg betalte ti kronar for han på NMS Gjenbruk i heimbygda mi, men viss Jeff Koons hadde blese han opp ti gongar, hadde figuren gått til titals millionar på auksjon.

Foto: Jakob Halvorsen

Foto: Jakob Halvorsen

Negativ kitsch handlar nemleg om smak og behag. I interiørtrendar opp igjennom åra har me hatt eit behov for å reflektere kven me er som person og kva slags miljø me vil komme heim til. Ein trend dei siste åra som kan definerast som negativ kitsch, er desse treskilta me dekorerer med, via gangen til boden. «HOME» står det i store bokstavar i kjøkenvindauget, «Home is where the heart is» over matbordet, og det kan verte overveldande. Bloggaren Oddgeir Hepsø tek opp dette med «skrifta på veggen» i ein kronikk med same namn i NRK, og her framstill han trenda som eit påfunn frå kvinna i heimen, og at mannen ikkje har eit ord med i laget. I kommentarfeltet poengterer nokon at dette fenomenet ikkje er noko nytt, for me har tross alt dekorert heimen vår med bibelsitat og broderte Jesus-ikon lenge, og at dette påfunnet er meir ein kapitalistisk versjon av dette. Me treng slike påminningar frå tid til annan, sjølv om det kan virke som rein juggel for meg personleg. Men kva gode argument kan eg kome med mot denne skrifta på veggen når eg får den same estetiske opplevinga av billeg meissenerporselen? Begge er jo like kitsch!

I det store og heile er kitsch eit vanskeleg omgrep å navigere seg rundt. Sjølve ordet er ein antitese på kunst, og det utfordre forholdet me etablerer i møte med det estetiske. Fortener me å kalle biletet frå IKEA kunst, eller er dette omgrepet berre tileigna originale verk i institusjonen? I byrjinga stilte eg spørsmål med kvifor me blandar positiv og negativ kitsch, og det kan rett og slett skuldast at det norske kitsch-omgrepet har blitt endra frå sin originalitet. Skilje mellom negativ og positiv kitsch blende inn i kvarandre jo lengre ei grav seg ned i det, og plutseleg er me midt i diskursen om kva som er god og dårleg kunst, og kven som skal få lov til å definere det. Og det er sanneleg ikkje lett å snakke om. 

Bildet er hentet fra https://pixabay.com/

Bildet er hentet fra https://pixabay.com/

 
Previous
Previous

Kunst i det offentlige rom: et intervju med Knut Åsdam

Next
Next

Kall det kunsten å se